For Fjord1 handlar samfunnsansvar om korleis vår daglege drift påverkar menneska, miljøa og samfunnet rundt oss. Arbeidet er difor basert på selskapet sin visjon, verdigrunnlag og organisasjonskultur, der målsetnaden er å opptre som ein ansvarleg samfunnsaktør der relasjonane er bygd på tillit og truverd.
Fjord1 sitt samfunnsansvar skal mellom anna gjenspegle selskapet sine kjerneverdiar, kvaliteten i arbeidet, sikkerheit for tilsette og kundar, beredskap og miljøfokus. Ved å bidra til utvikling, bruk og drift av energivennlege fartøy, bidreg Fjord1 til redusert forurreining frå fartøya. Fjord1 har etablert etiske retningslinjer som gir grunnlag for eit godt arbeidsmiljø, ein open og ærleg dialog, og ein sunn organisasjonskultur.
Berekraft: Fjord1 - det trygge valet
Fjord1 skal ta eit aktivt ansvar for omgjevnader, samtidig som selskapet ønskjer å vere tydeleg på kva ansvaret består av. Fjord1 har difor starta arbeidet med å utvikle ein eigen berekraftstrategi. Målet med strategien er han skal gjere det tydeleg korleis selskapet arbeider med berekraft i dag, og samtidig vere retningsgjevande for det vidare arbeidet med berekraft. Arbeidet med berekraft vil derfor framover vere basert på visjon, verdigrunnlag og organisasjonskultur i selskapet, og målet er å opptre som ein ansvarleg samfunnsaktør med relasjonar som er bygde på tillit og truverd. Fjord1 er overtydd om at det er heilt avgjerande for langsiktig verdiskaping at ein integrerer berekraft i alle kjerneaktivitetane våre. Fjord1 tek ansvar og skal bidra til ei betre verd.
Visjonen for berekraftsarbeidet i Fjord1 er «Fjord1 – det trygge valet». I dette legg ein følgjande:
- Fjord1 skal ta vare på klimaet og fjordane gjennom å redusere den negative påverknaden vår og inspirere andre til å gjere det same.
- Fjord1 skal vere ei drivkraft for innovasjon og utvikling, og ha ei tydeleg og ærleg stemme i den offentlege debatten.
- Eigarar, samarbeidspartnarar, tilsette og reisande skal kjenne seg trygg på at Fjord1 tek ansvarlege val i heile organisasjonen.
Les meir om samfunnsansvar i del 2 av årsrapporten 2019.