Fjord1 jobbar aktivt for å vere blant dei fremste i den maritime næringa når det gjeld opplæringsstillingar. Selskapet følgjer traineeane tett opp, både avdelingsvis og gjennom trainee-programmet.
Fjord1 er ein aktiv deltakar i traineeordninga til Framtidsfylket – Karriere i Vestland. Ordninga har vore vellykka for Fjord1, som har tilsett fleire av traineeane i fast stilling etter at året som trainee er overstått.
Fjord1 stiller seg og positiv til opplæringsstillingar for eksterne partar som Nav, og selskapet har hatt gode erfaringar med tiltaksretta arbeidstrening.
Sondre Austreim, tidlegare trainee i Fjord1 (no fagansvarleg for elektro):
- Som trainee ved teknisk avdeling i Fjord1 fekk eg delta i eit innovativt og tverrfagleg sterkt miljø, noko som var særs lærerikt og engasjerande! I eit leiande selskap innan bruk av nullutsleppsteknologi låg alt til rette for bratt læringskurve og spanande arbeidsoppgåver. I kombinasjon med traineeprogrammet var dette ein super start på arbeidslivet, fortel Sondre Austreim.
Du som søkjer traineestilling:
Framtidsfylket tilbyr deg:
NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket! |