Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport. Selskapet driv i tillegg med passasjerbåt, catering og turisme. I den norske ferjenæringa er Fjord1 det leiande selskapet, og har i 2020 hatt i overkant av 16 millionar reisande. Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, og miljøkrav i nye anbodskontraktar set krav til nullutslepp og nye elektriske fartøy. Som ein konsekvens av dette, har selskapet og arbeidd med ny infrastruktur på kaiane.
Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på 2020 med oppstart av fire nye ferjekontraktar og 22 samband, fullføring av Flåtefornyingsprogrammet 2017-2020 og vidare elektrifisering av fartøy. Selskapet har motteke sju hybridelektriske fartøy og gjennomført fleire ombyggingar i 2020.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle ein flåte i verdsklasse, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal òg vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Selskapet vernar om sikkerheita til dei tilsette, kundane og leverandørane, samstundes som ein tek ansvar som leverandør av kritisk transportinfrastruktur i kyst-Noreg.