Fjord1 har lange tradisjonar med fjordbaserte reiseopplevingar, og har dei siste åra spissa satsinga i samarbeid med ulike partnarar som utfyller kvarandre når det gjeld tilbod, marknadsføring og operativ produksjon.
Turistsegmentet har vore skadelidande under dei strenge reiserestriksjonane både utanlands og innanlands som følgje av Covid-19.
Utviklinga i turistsegmentet vil vidare avhenge av at reiserestriksjonane vert løfta både innanlands og utanlands, og at ein gradvis kjem tilbake til dei vande reisemønstera. Saman med felleskontrollerte og tilknytte selskap følgjer Fjord1 nøye med på situasjonen og prøvar å dempe dei negative effektane ved å tilpasse tilbodet meir mot ei norsk målgruppe.
Fjord Tours Group AS
Fjord Tours Group AS vart etablert i 2019. Fjord Tours Group skal bidra til å skape vekst i lokal turistnæring og lokale arbeidsplassar, og betre samspelet mellom nasjonale, regionale og lokale reiselivsaktørar. Fjord1 og Vy-gruppen har lik eigardel i selskapet med 50 prosent.
Fjord1 Tours Group vil tilby saumlause og berekraftige rundreiser i Noreg med utgangspunkt i kollektivbaserte transportmiddel. Reiselivsselskapet tilbyr ferdige pakketurar i heile Noreg, både for den nasjonale og den internasjonale marknaden, der ein har privatreisande som primær målgruppe.
Fjord Tours Group AS eig 74 prosent av aksjane i Fjord Tours AS og 30,5 prosent av aksjane i Geiranger Fjordservice AS.
Geiranger Fjordservice tek sikte på å gjere Geiranger til ein attraktiv destinasjon med reiseopplevingar på fjorden og aktivitetar i området. Primærproduktet til selskapet er passasjerbåtane som går rundturar på Geirangerfjorden. Geiranger Fjordservice driv i tillegg utleige av syklar og bilar, og tilbyr transport, guiding og ulike aktivitetar.
The Fjords
The Fjords spesialiserer seg innan turistsegmentet på dei norske fjordane der dei tilbyr reisande unike fjordopplevingar. Selskapet har drift på verdsarvfjordane Nærøyfjorden og Geirangerfjorden, samt Sognefjorden, Hardangerfjorden og Lysefjorden.
I juli 2020 vart den tredje passasjerkatamaranen – Legacy of the Fjords – overlevert til The Fjords. Både Legacy- og systerfartøyet Future of the Fjords har heilelektrisk framdrift, medan Vision of the Fjords har batteri-diesel hybrid framdrift. Future of The Fjords var den første heilelektriske passasjerbåten i verda som vart bygd i karbonfiber.
Med spesialdesigna fartøy og fokus på produktutvikling, har selskapet fått stor merksemd i både inn- og utland. Fartøya er spesialbygde for sightseeing på norske fjordar og har eit unikt design som er inspirert av fjellstiar langs fjorden.
Selskapet vart stifta i 2015 av Fjord1 og Norway`s Best AS, der begge har ein likeverdig eigarskap på 50 prosent. Etableringa av selskapet er ei langsiktig satsing der faktorar som miljø og berekraft står sentralt i utviklinga.