Fjord1 eig tre passasjer- og kombibåtar, og leiger inn sju passasjer- og kombibåtar frå underleverandørar. Nokre av fartøya tek både passasjerar og bilar, medan andre berre tek passasjerar.
2020 var det siste året for ordinær kontrakt på dei lokale passasjerbåtrutene, men etter erklæring av opsjonar går kontraktane fram til 30. april 2022.
Selskapet eig 49 % av Partsrederiet Kystekspressen ANS, som driv hurtigbåtruter frå Kristiansund til Trondheim, Brekstad til Trondheim og frå Vanvikan til Trondheim.