Periodekort

Pris: Varierer etter reiselengda kortet skal gjelde for, men gir ca. 50 % rabatt ved 20 tur-retur-reiser per månad. Sjå pristabell for buss. Periodekortet gjeld frå og til bestemte kaier/haldeplassar og kan nyttast på overgang buss/buss, båt/buss og buss/båt. Kortet skal presenterast ved kvart byte av transportmiddel.

Du får lagt inn periode på 30 dagar i kortet. Perioden gjeld frå den datoen perioden blir aktivert, dvs. ved første gongs bruk i ein billetterminal i bussen/båten, og til midnatt på dag nr. 30.

Du må ha eit bilete på periodekortet ditt, og dette lastar du opp i skjemaet under.

Det fins fire produktvariantar for periodekort:

  • Periodekort Barn (4–16 år)
  • Periodekort Student (ikkje på båt)
  • Periodekort Vaksen
  • Periodekort Kombi båt/buss (pris redusert med 25 %, gjeld berre i Florabassenget*)
    *Kombikort for buss-båt-buss-reise, må ein kjøpe kort hos Firda Billag)