MF Gloppefjord passerte Gibraltar onsdag, og er no på veg nordover langs kysten av Portugal. MF Eidsfjord ligg omlag to døgn bak. Begge fartøya er forventa ankomst til Florø mot slutten av romjula - om veret held seg bra.

-Når fartøya er på plass i Florø/Nordfjord, vildet bli ein kort periode med utrustning, opplæring av mannskap, og utteseting av kai og ladeanlegg før dei blir sett i drift. Vi forventar at fartøya blir sett inn i ruta Anda-Lote i løpet av veke 1 eller 2, fortel regionleiar Tor Kristoffersen.

Sambandet startar uansett opp med 2-ferjedrift frå 1. januar i samsvar med kontrakt og publisert rutetabell. Det vil då vere ferjene MF Årdal som trafikkerer A-ruta, og MF Sognefjord i B-ruta.

Sambandet endrar også takstregulativ til autopassregulativet, men det blir samtidig billettert manuelt som tidlegare.

-Vi vil også gjere reisande merksam på at oppstillingsplassane på kaiane er bygd om til autopassbillettering, og at dette kan medføre noko endra køyremønster, seier Kristoffersen.