Møre og Romsdal fylkeskommune har mandag innstilt Fjord1 ASA som vinnar av fire fylkesvegferjesamband i Nordmørspakken. Dei fire ferjesambanda er Edøya – Sandvika, Arasvika – Hennset, Seivika – Tømmervåg og Kvanne – Rykkjem. Kontrakta har ein verdi på om lag 1,9 milliardar kroner.

Rutetilbodet blir betra med mellom anna krav om to ferjer på Edøya-Sandvika, i tillegg til at det blir fleire avgongar i helgene på Seivika-Tømmervåg. Fjord1 har også fått full score på miljøpoeng. Kontrakta inneber mellom anna ein omfattande reduksjon av CO2-utslepp. Med dagens strenge krav til miljø inneber det at ei rekke fartøy skal elektrifiserast.

Karensperioden er ti dagar, og om ingen protesterer blir signering av kontrakta rundt 20. januar. Kontraktsperioden på 10 år startar 1.januar 2020, og held fram til 31.desember 2030.

Les pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune her.