På dei fleste ferjesamband i Noreg betalar ein i dag ved at autopassbrikke eller bilskilt blir avlese ved om bord køyring.
Personar reiser gratis, ein betaler berre for køyretøyet.
For å unngå å få tilsendt faktura med fakturagebyr kan ein registrere bank eller kredittkort på www.ferrypay.no
Ein kan opprette avtalen i forkant av ferjereisa og inntil 48 timer etter ein har gjennomført ferjereisa.
Ein får ikkje rabatt ved registrering på www.ferrypay.no
For å få rabatt må ein ha autopassbrikke eller inngå ein forskotsbetalt ferjeavtale.
Autopassbrikke gir 10% rabatt og brikka kan bestillast hos www.skyttelpass.no
Sjå www.autopass.no for fleire leverandørar av autopassbrikke.
Ved å inngå ein forskotsbetalt avtale på www.autopassferje.no får ein som privatperson 50% rabatt på køyretøyet.
For 2021 er forskotsbeløpet for køyretøy opp til 8 meter på kr. 3000,-.