Som eit tiltak for å hindre spreiing av korona viruset vart all manuell billettering på riksvegferjene stansa av oppdragsgjevar søndag 15. mars, og fleire fylke gjorde det same. Frå og med mandag 6.april startar billetteringa opp att.

Dette vil kunne skje på ulike måtar, men fellesnemnaren i alle tilfelle er at det ikkje vert billettert manuelt, og at det vil vere gratis å reise for gåande og passasjerar. Dette gjeld både dei som er passasjerar i eit køyretøy og dei som kjem til ferjekaia på andre måtar.

På ferjesambanda som allereie bruker AutoPASS brikkelesingssystem vil ikkje trafikantane merke nokon praktisk skilnad. På andre ferjesamband vil bilen sitt kjennemerke bli registrert med kameraregistrering.

Trafikantar som har ein rabattavtale med AutoPASS for ferje eller brikke frå eit bompengeselskap vil få rabattane sine i samsvar med desse avtalane. Dei trafikantane som ikkje har rabattavtale vil få ettersendt faktura pr. post for det reisa kostar, utan påslag av fakturagebyr. Faktura vert sendt til registrert eigar av køyretøyet.

Vi oppmodar alle våre reisande til å skaffe seg AutoPASS-brikke og AutoPASS-avtale for ferje.  Dersom du ikkje allereie har AutoPASS-ferjeavtale, kan du inngå slik avtale på www.autopassferje.no.

Det er Stortinget som har godkjent denne ordninga ved at det er gitt heimel til å handsame nødvendige persondata i ei midlertidig forskrift om billettering på ferje.

På riksvegferjesambanda; Molde – Vestnes og Halsa – Kanestraum vil AutoPASS-regulativet for ferjetakstar bli tatt i bruk frå mandag 6.april og inntil vidare.

Stortinget har fatta vedtak om at billettprisane på riksvegferjer skal reduserast. Fleire fylke har fatta tilsvarande vedtak. Dette medfører at prisane på ferjereisene kan vere noko lågare enn det trafikantane er vande med. Sidan det er kort tid frå vedtak til iverksetjing av tiltaket er det ikkje sikkert at alle prislistene er oppdatert i tide, men reisa vil bli belasta med riktig pris i forhold til dei aktuelle takstmyndigheitene sitt vedtak. Vi ber om forståing for dette.